I det håp at det framleis er folk her inne som er interessert i å snakke om Harry Potter?
Er det nokon som skal sjå Cursed Child? Er de gira? Ikkje gira? Tykkjer de Rowling burde la karakterane vere, eller er de glade for det nye tillegget til historia?
Eg skal sjå Cursed Child med 2x systre og 1x veninne den 23. og 24. juni, og eg er KJEMPEgira. Gler meg til å sjå noko nytt! Veldig spent på korleis alt blir på scena, og veldig spent på kva historia faktisk er. Håper-håper-håper den er kjempebra.