Takk for det. Likar kyr sjølv. Dei er fine. (Men du, tips til neste gong du skal sitere noko bilete elns; Fjern img-en framføre, for det er litt irriterande med store bilete i siteringa og sånn Fekk Jane til å fjerne det her.)
http://torilsa.deviantart.com/#/d5hppme
Før eg kom til Swansea, fekk eg høyre at det regna mykje her, men framleis ikkje like mykje som heime. (Ingen trur meg då). Forskjellen med her og heime er; Du kan gå inn i ein butikk og det er sol og fint og så går du ut igjen fem min seinare så pøsar det ned og så varar det i sånn tre min og så er det sol igjen. Omtrent. Om det startar å regne heime, vel, så regnar det lenge. Så då eg kom ut frå treningssenteret eg prøvde å melde meg inn i, men ikkje fekk til fordi eg må ha britisk bankkonto, såg det sånn ut. Så då følte eg for å prøve å ta nokre bilete av det og sånn.