Toril oppdaterar med "litt" bilete frå juni og juli^^
Lite vatn i Kroatia. Akkurat ved sjøen. Prøvde å få det til å sjå ut som om det var eit fjellvatn i Norge. Ikkje heilt vellykka.
Veeeel... Trøbåt som ikkje tålte å få litt mykje vatn på seg. I alle fall ikkje ein natt med masse regn og torevêr.
Dette likar eg eigentleg litt sjølv. Det er utsida av gamlebyen i Dubrovnik gjennom eit skytterhol i muren som omkrinsar gamlebyen.
Og pappa gjekk berre bortover med kameraet rundt handa inntil muren. Og plutseleg hang han fast x)
Kanon. Dei var litt kule, eigentleg.
Lite "tre" på muren i Dubrovnik.
Sånn sært lite hus på toppen av hjørner eller noko på muren. Var fleire av dei.
Erik som vaska fingrane sine i litt av fontena^^
Dette syns eg var litt kult. Gjekk berre rundt for å ta bilete av folk og ting og sånn mens vi venta på at folk skulle bli ferdig med å kjøpe drikke og sånn. Så resulterte det i eit nærbilete av Erik som drakk iste.
Grashoppe, trur eg.
Var ein steinveg utover i havet i Podgora (også Kroatia). Den var litt kul. Men og vond å gå på.
Palme
Eg likar palmar.
Oda. Som ser trist ut. Prøvde meg på litt portrettbilete av ho, Birte og Maren når ho var her i starten av sommaren. Synst ho gjer ei fantastisk jobb med å sjå trist ut x)
"I'm watching you!" Som Luna sa på dA; Ho ser lur ut.
Solnedgang. Lille Lungegårdsvann. (Hey, det rimte!) And som svømmer.
Karlsbroen i Praha. Erik som ser ned på elven.
Rose. Med vanndråper. Litt juks frå mi side, men kven juksar ikkje litt med sprayflaske når dei kjedar seg, det er fint vêr ute og ein vil ta bilete av våte blomar? x)
Som vanleg:
PhotoFiltre til rammar. Og rammane eg har no var Helle sin idé.
Adobe Photoshop CS4 til småendringar i konstrastar og sånn.
Nikon D60 med Sigma 18-125mm OS 3.8-5.6
Og eg likar konstruktiv kritikk^^ Svært glad i det